annonce
annonce
(visninger)Populære tråde
Mellemrummet 20959472
Åndelig Føde 2726320
Angst – Tro – Håb – Kærlighed 2646563
Så er der linet op... 1981641
Jesu ord 1677655
Galleri
Et kig ud af vinduet i Rødhus
Hvem er online?
0 registrerede 10 gæster og 193 søgemaskiner online.
Key: Admin, Global Mod, Mod
Skriv et nyt svar.


Smilies Opret hyperlink Opret link til e-mailadresse Tilføj billede Indsæt video Opret liste Fremhæv noget tekst Kursiv tekst Understreg noget tekst Gennemstreg noget tekst [spoiler]Spoiler tekst her[/spoiler] Citer noget tekst Farvelæg noget tekst Juster skifttype Juster skiftstørrelse
Gør tekstruden mindre
Gør tekstruden større
Indlæg ikon:
            
            
 
HTML er slået fra.
UBBCode er slået til..
Indlæg valgmuligheder








Som svar til:
Skribent: Simon
Emne: Re: Mellemrummet

(Kvinnetankar fortsat):

Byggmeister var han sjølv. Kvart hamarslag
fall traust og tung lik ord for sterke tanker.
Han er ein mann, det kviskrar eg i dag,
og eg er kvinde, blodet brår og bankar.
Vi drøymde dette huset. Hans og mitt
er kvart eit rom der lyset fell så blidt.
Det tek, det rislar meg om hjarterøter,
eg synest høyre steg av barneføter.

Alt kjem nok ikkje slik som stunda spår,
for slik som eg, slik drøymde vel dei hine,
og ingen over liv og lagnad rår.
Men alle sorgene bliver hans og mine.
Kjenn, huset dirrar mot si røyningstid!
Men aldri rømer vi or denne strid.
Vårt bu, vårt bu. Eit skip på livsens bylgjer.
Høgt over hav skin sthernene vi fylgjer.

*

Nålys

Gjenta leika i stutte år,
lengta mot sin aller sælaste vår.

Kvinna syrgde eit barn i jord;
sidan fekk ho fleir, dei kom og die for.

Logar bykste i skog og gras;
stjernene rak lause, sol gjekk i knas.

Nålys brenn over sokken skatt;
Kvinna får eit barn kvar einaste natt.

*

Villdyraugo

Svart er natta
kring mannens bål.
Villdyraugo
gjev enno tol.

Elden er hans mod.
Siste vern.
All hjelp
er tom og
fjern.

Eldtunger her.
Rovtunger der.
Nærare, nærare.
Nær.

*

Kvifor?

Kvifor eg valde deg?
Fordi augo dine er Jønndalsdjupe.

Fordi du er elskeglad
einmannskvinne.

Fordi mine ufødde søner
ville ha deg til mor.

Fordi eg av alle kvinner
helst vil sjå deg ved dødssenga mi.

Fordi du såg avgrunnar i meg
utan å svimre.

Fordi du valde meg, vel!
Fordi du såg idéen i meg.

*

Nattfiske

I natta
ror gutan med otrar ute –
ventar på morgonbitet.
Både han og broren teier;
høgt imot nordhimmelen svartnar
husa på ein gard.
Flagremysene skinglar
berre i sinnet no;
men hujolæte rislar ned or berga
som nordlysbragd,
som blod.
Hjarta er fullt av
kastevindar,
støitar frå ei fjern og farleg fele,
angstlykke …

Eit hjarta er femten år.

*


- Ragnvald Skrede (1904 – 1983).

mvh
Simon
Seneste indlæg
Lys
af Anonym
12/04/2025 22:14
Den religiøse spirituelle dimension
af Hanskrist
12/04/2025 21:36
Det bedste ved kristendommen
af Hanskrist
12/04/2025 14:18
Misforståelsen
af somo
08/04/2025 09:34
Eid-Al-Fitr
af somo
29/03/2025 07:50
Nyheder fra DR
Brandvæsen 'stærkt på vej' til brand ..
13/04/2025 07:10
En person fremstilles i grundlovsforhør..
13/04/2025 06:59
Endnu et jordskælv rammer Papua Ny Guin..
13/04/2025 06:38
Trump: Snakke med Iran går ok
13/04/2025 04:18
Fejldeporteret mand er 'sikker og i live..
13/04/2025 01:39
Nyheder fra kristeligt-dagblad.dk
Aktivistiske studerende i USA's sydstate..
13/04/2025 05:08
Kommune beder borgere bekæmpe invasiv o..
13/04/2025 05:01
Jordskælv lægger dæmper på nytårsfe..
13/04/2025 03:57
Polen markerer 1000 år med protestmarch..
13/04/2025 02:11
Årets verdensudstilling bærer præg af..
13/04/2025 01:13