0
registrerede
80
gæster og
1290
søgemaskiner online. |
Key:
Admin,
Global Mod,
Mod
|
|
|
Skribent: Simon
Emne: Re: Poetisk fryd..
|
Påsken går man næppe sulten fra, en lurendrejertid for glade maver, den evt. restitution ku’ dog være det Vesaaske univers, for det er fuldt ud muligt sammen med Halldis Moren Vesaas, at Vandre med vers [ISBN 82-521-3625-7], hvorefter man så med Tarjei Vesaas’ ka' ta' Båten om kvelden [ISBN 82-05-06165-3] – og til begge enders glæde er man i stedet fuld af forunderlig poesi…
Halldis Vesaas skriver efter sin mands død flg.:
Fem steg frå streken
Eit av Tarjeis siste dikt heiter «Ta mi hand». Da han skreiv det visste han at han stod fem – eller kanskje sju – steg frå den streken som han så inderleg ønskte å få passere med andletet fram. Det ønsket har kvar og ein som nærmar seg slutten av livet. Det er ikkje døden vi er mest redde for. Det store forfallet som skjer med så mange på det stadium av livet skremmer langt meir. Lat meg sleppe det! Og lat meg få ta di hand!
TA MI HAND
Det eldgamle, heite ønsket: Ta mi hand. I alle tider det siste og det viktigaste: Ta mi hand og før meg, før eg fell.
Ta mi hand og reis meg opp så eg kan gå dei få stega. Det er fem, eller kanskje sju. La meg få gå dei og koma over streken såleis, med andletet fram.
Er redd a bli liggande med andletet nedi, fem steg frå streken, andletet i saur og søppel, det er difor.
Ta di hand og vask det bort i hardveret. Alt det eg ikkje ville. Der er eit ver for slikt. Det bur i dine hender.
Mi villfarne hand, tumlande der ho ikkje hadde noko å gjera – fordi alt var så lavande rikt og liksom for meg, for meg. Alltid søkande i blinde. Stum står ein i mørkret.
Ei hand full av støkk og takk og undring, kan eg rekke deg den?
*
Eit av dei mest gripande alderdomsdikt eg veit om er Bjørnstjerne Bjørnsons «Siste smærte»-. Det blir enda meir gripande fordi han vore ei kjempe, han som her vitnar – nesten stotrande – om korleis kreftene sviktar:
SISTE SMÆRTE
Å, nu har jeg lært det hvad jeg frygtet først, at den sidste smærte, den er også størst. Kan ei mer arbeide, har ei kræfter nok.
Kan ei mer arbeide, har ei kræfter nok, kan ei længer veide mine tankers flok. De er over fjællet, samles aldrig mer.
De er over fjællet, samles aldrig mer. Og jeg selv på hældet imot graven ner, og jeg selv på hældet imot graven ner. * «Det är vackrast när det skymmer», seier Pär Lagerkvist. Ja. Da ser ein som aldri før kva ein har hatt, og enno har. «Utruleg» heiter eit dikt av estlendaren Jaan Kaplinski. Turid Farbregd har gjendikta det og mange andre dikt av han til norsk:
UTRULEG
Utruleg: når for første gong igjen heggetrea står i blom.
Altfor kort er livet til å bli van med våren.
- Halldis Moren Vesaas.
På denne måde havnede man så i våren, forstå det hvem der ka…
mvh & god påske.. Simon
|
|
|
|